menu-bar All the categories

349,00 kr

På denne plata finner ein komposisjonar av nordfjordingen Andreas Rotevatn. Dette er andre gong vestlendingen gjev ut ei plate med sin musikk for OJKOS. Den førre, alea iacta est, gav han ein nominasjon til Spellemannsprisen i kategorien Tonos komponispris. Rotevatn har òg produsert plata, denne gongen i samråd med ei av hans inspirasjonskjelder: Lars Horntveth, mest kjend frå Jaga jazzist. Kva musikk finner ein på denne plata: Storband møter Avicii møter Stravinskij i ein dans med Snorre Sturlasson? Eller er det kanskje berre summen av alt komponist og trombonist Andreas Rotevatn diggar? Uansett, velkomen til hoff på slottet Camelot. Kong Arthur samla riddarane sine på Camelot ved eit rundt bord - på latin Mensa Rotunda - som eit symbol på at alle ved dette bordet skulle vere likeverdige, og få kome med sine tankar og innspel. Oppstarten av komponistkollektivet OJKOS hadde noko av den same filosofien: her går kunstnerisk leiarskap på rundgang, og alle 14 i orkesteret skal få kome til orde.