menu-bar All the categories

315,00 kr

Migranorsk alfa er eit unikt læreverk for grunnleggjande lese- og skrivetrening for unge og vaksne innvandrarar. Verket høver svært godt for bruk i samansette klassar. Det inneheld digitale oppgåver på fleire nivå, frå bildeppgåver utan skrift til alfabetiseringsoppgåver og oppgåver for dei som alt er lese- og skrivekunnige. Migranorsk alfa følgjer kompetansemåla i grunnopplæring i lesing og skriving etter Læreplan i norsk for vaksne innvandrarar (2021). Verket passar også for ungdommar i innføringsklassar. Migranorsk alfa Digitalt kurs er eit heildigitalt læremiddel. Deltakarane blir inviterte inn i læringsprosessen gjennom ein kvardagsbasert dramaserie med 14 episodar. Bruken av filmar opnar for ei mediering og samhandling i det moderne klasserommet. Til kvar episode høyrer det til svært mange interaktive lese- og skriveoppgåver på ulike nivå. Det er også forslag til munnlege oppgåver klassen kan jobbe med uavhengig av lese- og skriveferdigheiter. Ressursen er nivådelt og har oppgåve