Spektakulær finale i Cherub-serien! Etter at ein tsunami fører til store øydeleggingar på ei tropeøy, sender guvernøren på øya inn bulldosarar for å jamne landsbyane med jorda og erstatte dei med luksushotell. James får i oppdrag å vakte familien til den korrupte guvernøren, eit oppdrag han ikkje tykkjer noko om. Samstundes pønskar tidlegare agent-kollega Kyle Blueman ut sin eigen uoffisielle og svært farlege plan. James må no velje mellom lojaliteten til CHERUB og lojaliteten til den eldste venen sin. CHERUB-agentar har ein avgjerande fordel: Vaksne får aldri mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei. Men offisielt finst ikkje desse agentane. Omsett frå engelsk av Øystein Rosse