Edvard Hoem skriv denne gongen ein roman om det foreldra hans ikkje snakka om, korleis mor hans og far hans trefte kvarandre i 1945, og kva det var som førte til at akkurat dei slo seg i lag. Edvard Hoems far var lekpredikant og heldt i krigens år 1940?45 meir enn sju hundre møte i det han kalla Dalenes dal, Gudbrandsdalen. Mora var kokke på Fåberg pleieheim, og ho fekk ei dotter med ein tysk soldat i 1945.Ingen ville vel ha trudd at lekpredikanten og kokka ville finne kvarandre.