menu-bar All the categories

179,00 kr 168,00 kr

Har mørket blitt ein avgrensa ressurs? Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever? Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg likevel aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934. Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur?