I Iliadens tredje song ser Helena ned på kampane frå Trojas bymur, og må peike ut dei greske krigarane. Denne scena har sidan blitt omtala som murskuet, og i dramaet inneber eit murskue at eit eller fleire vitne fortel om kva som går føre seg utanfor scena. Slik skriv desse dikta seg ut av det kjende, ut av det overbelyste og inn mot det som beveger seg i skuggane av det vi er vande med å sjå etter. Denne rike og komplekse samlinga er Gunstein Bakkes første. Dikta kretsar mellom anna rundt ein fars dødsleie og historia til det tidlegare sanatoriet Landeskogen, og opnar ei verd av minne frå ulike stader og tider.