Livet blir sjeldan akkurat slik ein hadde tenkt seg. Dei fleste menneske opplever vonde hendingar som dei ikkje var førebudde på; dei kan oppleve at livet røyner på meir enn dei kan tåle. I denne boka skriv psykiateren Bjarte Stubhaug innsiktsfullt om kriser og vendepunkt som ein del av liva våre - om motgang og hjelpeløyse, om sjukdom og tap av menneske vi er glade i, om stress og korleis overyting og manglande meistring kan gje utmatting og sjukdom. Stubhaug viser at livskriser handlar meir om korleis ein kan møte og meistre dette enn om situasjonen i seg sjølv. Denne boka er meint å vere ei kjelde til nye tankar og perspektiv på kriser i livet. Stundom blir ein fastlåst i anger og grubling, i tankar om korleis livet skulle eller burde ha vore. I boka blir det peika på korleis ein kan finne vegen ut av slike fastlåste tenkjemåtar og komme seg vidare i livet.