Det er ei tid for å håpe. Det er ei tid for å gå vidare. Ein dag gjekk Aksel inn i skogen og kom aldri tilbake. Framleis lyttar Ellie etter trinn i trappa, stemma hans i rommet. Kjem han ikkje snart? Nattgjengar handlar om å miste, men óg om feilplassert begjær, ein underleg nabo og ein leigebuar som kjem for nær.I eit nærværande og sanseleg språk skildrar Siri M. Kvamme den utenkelege tragedien som rammar så hardt og ikkje er til å leve med. Ei forandring tvingar seg fram for Ellie.