menu-bar All the categories

179,00 kr

Vi fann han ikkje før eg byrja å leite langs bakken, kika under bregnar, bak buskar og brått kom over han, krølla saman inntil ei furu med den nedste greina som ei dyne over seg. Han såg så fredeleg ut. Som om han høyrte til der. Som ein liten revunge. Vi ville ikkje vekkje han, så vi gjekk heim og lét han sove der ute i skogen åleine. Om natta drøymte eg at eg låg der ute med han, krumma meg kring han, armen om midja hans, skogbotnen var så mjuk, det lukta furunål og dogg. Det er ei tid for å håpe. Det er ei tid for å gå vidare. Ein dag gjekk Aksel inn i skogen og kom aldri tilbake. Framleis lyttar Ellie etter trinn i trappa, stemma hans i rommet. Kjem han ikkje snart? Nattgjengar handlar om å miste, men og om feilplassert begjær, ein underleg nabo og ein leigebuar som kjem for nær.I eit nærværande og sanseleg språk skildrar Siri M. Kvamme den utenkelege tragedien som rammar så hardt og ikkje er til å leve med. Ei forandring tvingar seg fram for Ellie. Siri M.Kvamme er født i 1975 og