menu-bar All the categories

299,00 kr 262,00 kr

I denne tredje Dunce-boka spissar det seg verkeleg til! Tinnitus, skrivesperre og lysskye hemmeligheter nede på Morderbrygga Godsterminal. Jens K rotar med innlogginga og havnar bakerst i vaksinekøa, noko som fører til eit sjebnesvangert sjakkparti med Døden sjølv. Sonen Gustav prøver absolutt alt for å bli kvitt eit kronestykke, han får følge av den trufaste hunden sin heilt til toppen av Mount Doom. Hunden, Brego, har dessutan sine eigne problemer, etter ei veke med «skammens krage» forsvinn kjærasten saman med ein cavalier. Serien Dunce vekslar mellom kvardagslege floker og djupe, eksistensielle kriser. Det heile er teikna og fortalt så morosamt, og så sårt, at ein knapt kan legge boka frå seg. Skaparen bak Dunce er Jens K Styve, ein vestlending som har blitt både austlending og nordlending. Stripa hans går dagleg i Klassekampen, og i ein heil del andre aviser. Den vann Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016, Pondus-prisen i 2018 og Sproing-prisen i 2020. I 2021 ble Dunce lansert i Frankrike, der teikneserien fekk ei overveldande mottaking av franske kritikarar.