menu-bar All the categories

179,00 kr

Anette Thorsheim har spelt inn eigne variantar av springarar etter ulike kjelder i Vestland, samt nokre låtar ho har laga sjølv. Ho spelar på ein ombygd toradar der dei to ytste radene har dei same tonane som ein vanleg toradar har. Når ho ville spela  låtar som vanlegvis vert spelte på fele, definerte det nokre nye behov, så ho skaffa seg etter kvart ei heil ekstra rad med tonar. I tillegg har ho atten bassar i venstrehanda. Dei fleste låtane på denne plata vert spelte på nedstilt bass på hardingfele (felestille G-D-A-E). Anette er særleg glad i låtar på nedstilt for tida, og spelar dei her i G på A/Dinstrumentet sitt eller i F på G/C. Ho har bakgrunn frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, er master i tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark og no stipendiat ved Griegakademiet i Bergen