menu-bar All the categories

179,00 kr 168,00 kr

New York-trilogien var Paul Austers store gjennombrot som forfattar og kanskje det mest overraskande verket til ein forfattar som stadig fortset å fornye seg. Først av alt er dette romanane til ein stor forteljar. Boka åpnar som ein thriller som er Raymond Chandler verdig, men som den danske kritikaren Poul Bourum skreiv, blandar han dette virtuost med element av Borges og Poe, Lewis Carroll og Cervantes. Trilogien utviklar seg etter kvart også til ein søking etter kva det vil sei å vera menneske. Og New York, denne uendeleg store, uhandgripelege byen der menneske møtes og skiljes, er det store sjakkbrettet der forfattaren plasserer sine brikker og dermykje står på spel. Det er ein forbløffande og intens labyrintisk forteljing.