Livet, kjærleiken og musikken.Ei kvinne ligg i senga, klar til å forlate dette livet. Ein hund ønsker å behalde det gamle namnet sitt. Ein student innleier ein relasjon til ein professor. Ei kvinne blir bedd om å passe undulatane til naboane.Dei underlege, morosame, triste og overraskande forteljingane i denne boka er knytte saman av ei rekkje erfaringar. Som det å få barn, pusse opp og lengte etter kjærleiken. Det handlar om å opne opp for nye moglegheiter - og det handlar om å lukke igjen. Kanskje handlar forteljingane mest av alt om at dersom ein skal rekke å leve eit autentisk liv, må ein skunde seg.