menu-bar All the categories

119,00 kr

Nytt stort verk av Kjartan Fløgstad. Spania under borgarkrigen. Demokratiet er på vikande front. I siste liten blir to smågutar evakuerte frå den tapande sida. Ein av dei hamnar i Sovjetsamveldet, den andre i Mexico. Same utgangspunkt, to ulike livsløp. Det eine fører gjennom Russland til Sibir og ned Jenisej til Norilsk ved kanten av Ishavet. Det andre inn mellom Mexicos snøkledde vulkanar. Kvar er dei i dag, to mannsaldrarseinare? Kven er forteljaren, og kva veit han om samfunnet vi vaknar til i morgon? Nordaustpassasjen er ein roman om livsvegar, sjøvegar og utvegar gjennom nye farvatn, når isen smeltar og det ideologiske klimaet skifter. Og er det fabeldyr frå fortida vi skal sjå for oss når vi høyrer hovtramp over sletta?