menu-bar All the categories

179,00 kr

Ordet tufskrøkje blir sagt om ei som ikkje får til noko særleg. Difor er namnet «Tufskrøkjun» eit særdeles lite treffande namn på desse felespelarane frå Vågå, Sel og Lom. Tufskrøkjun er tvert imot svært så dyktige i alt dei gjer, noko denne CD-en til fulle vitnar om! Kari Grøsland (f. 1977) Ann Kristin Odnes (f. 1975), Synne Grothe (f. 1975) og Astrid Sulheim (f. 1977) er fire venninner som er dyktige enkeltvis og som likar å spela saman. Og det har dei til fulle vist gjennom mange toppresultat frå kappleikar. Heile seks gonger har dei vunne Landskappleiken, deriblant dei tre siste. Tufskrøkjun er bevisste på å hente fram eldre slåttar, samstundes som dei evnar å forme dei og tilpasse dei til nyare samspelformer. I samspelet nyttar Tufskrøkjun «grovt og grant», sekundering og smakfulle arrangement for å fargeleggje.