Nordmenns reiseskildringar frå Noreg
Lektor, cand philol Esther Halsbog har skrive ei interessant bok om dei første som reiste rundt om i landet vårt for å bli kjent med det. Den første, Gerhard Sshöning, og dei som fylgde etter han, reiste for å finna historiske minnesmerke. Seinare kjem botanikarar, geologar og målarar som ut frå kvar sine perspektiv er med og utvidar kjennskapen til landet. Heile tida går det for seg ei endring i föremålet med reisene og når vi er komne fram til Vinje er det langt på veg det same föremålet som vår tids fotturistar har. Mange av reiseskildringane gjer oss kjende med kor vanskeleg det var å ferdast på veglaus eller dårlege vegar som desse første pionerane måtte ta til takke med.