menu-bar All the categories

249,00 kr 218,00 kr

For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. Søndagskvelden 22. februar 1756 gjekk det største steinraset i Noregs historie. Delar av Tjellefjellet i Nesset i Møre og Romsdal rasa ut i fjorden. Vi kjenner hendinga blant anna gjennom dagboka til presten Kristian Morsing. Han og fleire andre hadde lenge undra seg over djupe drønn frå Tjellefjellet, men utan å forstå kva som var i gjære. Det vart ei redselsnatt. Minst tre store flodbølgjer følgde raset. Bølgjene slo 200 meter opp på land. Bygningar og båtar vart tekne av vatnet. Først morgonen gjekk det opp for folk kva som hadde skjedd. 32 menneske hadde mista livet. Dette er ei forteljing om raset og flodbølgjene, men også om kor ulikt ulykka råka. Her som så ofte ved naturkatastrofar, var det småkårsfolket