Norsk by- og bygdesongbok
I denne boka er heimstadsongar frå nord til sør i Noreg for første gong samla. Her finn du hyllingssongar til grenda, øya, dalen og fjordbotnen, til dei små plassane og dei store byane. Dei særeigne by- og bygdesongane har i årevis vore nytta i allsong ved folkefestar og merkedagar, og framleis er det liv i denne tradisjonsrike sjangeren. Boka inneheld både eldre og nyare songar, og utvalet har stor geografisk spennvidd. Kvar av dei 200 songane i boka har melodilinje og gitarbesifring, og opplysningar om opphav. Velle Espeland har stått for utvalet i boka og skrive eit lengre forord til samlinga. Espeland er dagleg leiar ved Norsk visearkiv og har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om viser og folkekultur.