Norsk etternamnleksikon inneheld alle etternamn, norske og innvandra, som har fleire enn 25 namneberarar. Boka er revidert etter 20 års bruk, fagleg oppdatert og utvida. Kjende namn, historiske namn, uvanlege namn og namn som er språkleg og kulturelt interessante, er omtalte endå om dei har færre enn 25 berarar. Eigne fagfolk har skrive om samiske og finske etternamn. Norsk etternamnleksikon er ei uunnverleg handbok for alle namneinteresserte, og er nyttig for slektsgranskarar.