Kristin Fridtun herjar med kvardagsdorda, spretter dei opp og ser kva som gøymer seg inni. Orda speglar måten me sansar og skjønar verda på, og Fridtun let dei ikkje få ha løyndomane sine i fred. Ho tek føre seg mellom anna kropp, natur, kjensler, folk og fe. Fridtun granskar heilt daglegdagse ord som hovud, sjel, hjarta, minne, dør, verd, fisk og utfordring. Boka er skriven humoristisk, lett og ledig. Dette er ei bok som gjev språklege aha-opplevingar, det er ei bok for alle som snakkar, men òg for den språkinteresserte. Dette er boka for deg som ikkje veit kva du snakkar om!