Læreboka Norsk for yrkesfag 2går rett på sak og inneheld ei tekstmengde som overkomeleg for målgruppa. Det er lagt stor vekt på at språket skal vere klårt og konsist, og at både tekst og oppgåver skal ha ei tydeleg differensiering. Appellerande bilete, ryddige sider, tydeleg layout og friske fargar bidreg óg til å gjere lærestoffet lett tilgjengeleg for elevane.Norsk for yrkesfag legg stor vekt på å formidle norskfaget til elever på ulike faglege nivå. Til dømes gjev Kapitlet i korttekst er ei kort oppsummering av fagstoffet før sjølve kapittelet. Tekstsamlinga er stor og variert med eit rikt utval av sakprosa og skjønnlitteratur. Her finn du både klassiske og nyare tekstar. Fleire av tekstane er lettleste, og nokre er knytta til ulike yrkesfagmiljø. Før kvar tekst i tekstsamlinga står ei førlesingsoppgåve, kalla Før du les.