menu-bar All the categories

857,00 kr

Norsk Koralbok 2013 band 3 inneheld korsatsar og satsar til akkompagnementet for nummer 900-991 i Norsk Salmebok 2013. Nummera i begge bøkene svarar til kvarandre. Innhaldet i denne delen av salmeboka er sett saman av bibelske salmar (900-975.977) og liturgiske songar (976-991). Dei bibelske salmane har tekstar som svarar til den bibelske salmerekkja som er vedteken for gudstenestene gjennom kyrkjeåret. Dei vert òg brukte i tidebønene Morgonsong, Aftansong og Kveldsbøn. Dei liturgiske songane er knytte til nokre av dei faste ledda i gudstenesteordningane.