menu-bar All the categories

350,00 kr 279,00 kr

På solid vitskapleg grunnlag analyserer forfattarane strukturelle og ideologiske trekk ved norsk miljøorganisering. Eit særtrekk i Noreg er den sterke bindinga mellom miljørørsla, staten og lokalsamfunnet. Ei systemnær miljørørsle er kanskje den viktigaste grunnen til at vi ikkje har eit slagkraftig miljøparti i Noreg, og at Greenpeace aldri har vore ein sentral miljøaktør her i landet. Hovudfokus i boka er på det spesielle ved situasjonen i Noreg. Derfor fortel boka også mykje om politiske prosessar generelt, og om korleis miljøvernarbeidet er ein del av desse prosessane.Boka er skriven både for studentar som tek miljø- eller ressursforvaltningsfag, og studentar som tek ulike samfunnsfag ved høgskolar og universitet, særleg statsvitskap, adm. org. og samfunnsgeografi.