menu-bar All the categories

349,00 kr 303,00 kr

Dette er andre utgåva av Laurents Hallagers Norsk Ordsamling frå 1802, som var den største norske ordboka før Ivar Aasens tid. Den er på eit vis krona - eller den førebelse krona - på ein tradisjon med norske bygdemålsordbøker som hadde røter tilbake til 1600-talet. Hallager si bok er ikkje blitt trykt opp att før no, trass i at ho spela ei svært viktig rolle i norsk språkleg bevisstgjering og nasjonsbygging i første helvta av 1800-talet. Boka var ein viktig igangsetjar for både Wergeland og Aasen som språkaktivistar. No når det er gått 200 år sidan ho kom første gongen, er det på tide at ho blir tilgjengeleg att - både som kjelde til kunnskap om norsk språk i dansketida (men ei kjelde som må nyttast med mykje kritikk), og ikkje minst: som eit viktig åndshistorisk dokument. Laurents Hallager (1777-1825) var fødd og døydde i Bergen. Han tok medisinsk utdanning og doktorgrad, og arbeidde som lege i Bergen. Ved sida av medisinen var språk den store interessa hans. Han var berre 23 år gama