Boka er ei innføring i varietetar av norsk talemål, både dei lokale, dialektane, og dei sosiale, sosiolektane. Men ettersom den lokale variasjonen framleis er mykje større enn den sosiale, ligg hovudvekta på framstillinga av dialektane. Det er òg ei innføring i det som er spesielt for talemålet, nemleg språklydar. Fyrste kapittel er ei stutt innføring i norsk lydlære. Så kjem eit kapittel om den sosiale variasjonen i talemålet. Her blir det òg gjort greie for dei viktigaste sosiolingvistiske omgrepa, med særleg vekt på tilhøvet mellom dialekt og riksspråk, allment og i det norske språksamfunnet spesielt. Deretter fylgjer eit kapittel om dei viktigaste målmerka, med 16 kart, der det òg blir sagt noko om utviklinga i kvart målmerke i dag. Vidare er det eit kapittel om dei viktigaste dialektgruppene, med 4 kart over distrikts- og målføreinndeling og 20 målprøver i enkel lydskrift som skal illustrere kvar si målføregruppe. Prøvene finst òg på ein CD som fylgjer med boka. Ettersom dei flest