Norsk utvandringshistorie
Opp gjennom historia har det vore fleire utvandringsbølgjer frå Noreg, m.a. til Nederland og Amerika. I denne boka tar forfattaren for seg den norske utvandringa frå 1600-talet og framover, med særleg vekt på den store utvandringa til Amerika. Medan forskarar tidlegare la vekt på økonomiske årsaker til utvandring, legg ein i dag sterkare vekt på kulturelle årsaker til migrasjon. I boka viser forfattaren at kontakt med gamlelandet gjennom brev, slektsnettverk og kjedemigrasjon var med å skape ein sjølvforsterkande kultur for utvandring. Og i denne utvandrarkulturen blei det å emigrere oppfatta som både akseptert og ønskjeleg for å oppnå betre kår. Den nye reviderte utgåva er oppdatert med ny migrasjonshistorisk forsking og med ny litteratur på feltet.