Om bokaDen norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan av ein gjeng ureinslige menn på seminar på Eidsvoll. Are Kalvø meinte han måtte kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som bygger på det folk i dag meiner. Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til, men òg mange ulike slags forsøk - nokre av dei direkte tøvete - på å finne ut kva folk i dag eigentlig meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytringsfridom. Om forfattarenAre Kalvø (f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar.