Ein slåande militærpastoral Nykommar er den namnlause soldatens vitnesbyrd frå eit omskifteleg, framandt landskap. Boka viser oss korleis ein ung manns opplevingar i krig læt seg overstyre av tankar og minne om heimplassen, familien og kjærasten. I eit fragmentarisk langdikt som er delvis historisk fiksjon og delvis eit naturdikt, trekkjer Farrell inn impulsar frå klassisk Americana og Southern Gothic. Det er USAs historie om seg sjølv som dannar bakteppet for denne følsame utforskinga av kva det vil seie å vere ein ung mann, langt heimanfrå, med ei usikker framtid. Gjendikta av Martin Ingebrigtsen. Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi. Nathaniel Farrell er lærar og poet, blei fødd og voks opp i Western Pennsylvania. Han har doktorgrad i engelsk litteratur frå Columbia University i New York. Nykommar er den første boka hans.