menu-bar All the categories

449,00 kr 390,00 kr

Kunstnaren Oddvar Torsheim fyller 80 år 2. november 2018. I det høvet lanserer vi boka som oppsummerer hans liv og virke, med hovudvekt på kunsten. Torsheim er kjend for sin humoristiske og samfunnskritiske strek. Heilt sida studietida har han vore ein samfunnsengasjert kunstnar oppteken av miljøvern, politikk, kjønnsroller og livssyn. Gjennom 50 års aktivitet har Torsheim formidla motsetnadar mellom by og bygd, kvinne og mann, natur og teknologi. Oddvar Torsheim er noko så sjeldan som ein maskulin feminist. Med sin strek har han illustrert og stilt seg solidarisk med kvinner og deira forståing av seg sjølv og den plassen dei eigentleg burde ha i samfunnet. Kvinnefrigjering og likestillingskamp går som ein raud tråd gjennom karrieren hans, og det usminka biletet av kvinna må kunne seiast å vera kjernen i produksjonen hans. Oddvar Torsheim er ein svært sentral og kjær kunstnar både lokalt og nasjonalt, men han er spesielt viktig for Vestlandet. Frå bustaden sin i Førde har han skildra d