menu-bar All the categories

229,00 kr 200,00 kr

Eg visste ikkje då at det var ei hulder eg såg, det skulle gå opp for meg langt seinare. Men kjensla av at det ikkje var ei vanleg kvinne, hadde eg i meg frå det fyrste. Og ho må ha hatt denne kjennskapen til livet, som er vanleg hjå mange menneske, det at ein kan vise interesse opp til ei viss grense, men stig ein over, så har ein gått for langt. Visse vegar kan ein ikkje snu på, vegar utan retur. Eit liv kan forteljast i mange ulike versjonar. Om livet på jorda er forteljinga om kunstnaren og bondesonen Tormod som ung mann, der visse syn - som det fyrste møtet med huldra i skogen - får ein sterk innverknad på tilhøvet hans til omgjevnadene, til kvinner, skule og læring, til det å tenkje. I tenåra er Tormod kritisk til menneska og til livet på jorda, til industrien og masseproduksjonen og eit liv i den elektriske tidsalderen. Han skal vise at han er ein mann som kan arbeide. Tormod får tidleg ei kjensle av at han lever under ei von om kven han skal vere. Temperamentet hans er som ei s