Tormod ligg i graset og lever seg inn i mauren sitt liv, dei som held seg i skjul under steinar og røter. Han drøymer seg bort frå livet på marka, frå slåtten og suta for jord og dyr. Tormod er fødd til å ta over garden han veks opp på, men ein stad på vegen endrar livet retning. Han tek kunstutdanning, sel garden og vert forfattar.Om søvn og mørke går føre seg på ei øy i ytre Nordhordland og i Bergen frå 1960- til 1990-talet. Det er ein roman om eit barn som vil bli vaksen og ein mann som vil springe frå barndommen sin og stige ut av standen han har vakse inn i. Det handlar om draumar, ansvar og fridom, og om å bryte med tradisjonen for å bli kunstnar. Om søvn og mørke er ein roman som med stor kraft følgjer søvnen sine måtar å bevege seg på i tid og rom, på grensa mellom liv og død.