Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid Bokserien Gull, gråstein og grums kjem her med første bind. Det tar for seg dei gruvene og gruveplanane i Noreg som har vore mest omstridde. Vi startar i Guovdageaidnu på Finnmarksvidda med historia om koppar- og gullgruve i Biedjovággi, frå reindriftssamar fann kopparhaldige steinar, gjennom kortvarig drift og fram til kommunestyret i 2013 sa nei til å starte opp igjen. I Kvalsund blei det først på 1900-talet sett igang ei rekke koppargruver. Sidan har det vore drift i fleire periodar, og no blir den største koppargruva i norsk historie planlagt her. Planen har møtt motstand, både mot deponering av avgangen i Repparfjorden og fordi reindrifta vil bli ramma. I Sør-Varanger blei det starta jernmalmgruve i 1906. Heile tida har omlag halvparten av malmen enda som avgang til Langfjorden og Bøkfjorden. Etter gjenoppstarten av gruva har det særlig vore fokus på dei kjemikalia