Opp, mi sjel, for Herren kved
Til 400-årsjubileet for den islandske presten og nasjonalskalden Hallgrímur Pétursson (1614-1674) kjem denne nye, norske gjendiktinga av hans 50 pasjonssalmar. Desse salmane er tvillaust det mest kjende og elska verket i den kristne, islandske kulturskatten. Mest alle på Island har eit særskilt forhold til salmane, som enno vert lesne opp kvart år i den islandske kringkastinga, ein for kvar dag i pasjonstida. I pasjonssalmane fylgjer Hallgrímur Kristi lidingshistorie steg for steg i mediterande utleggingar, som også i dag grip den som går inn i dei. Det er grunn til å tru at det også vil gjelde den norske lesaren, som lèt desse salmane vere med å prege andaktslivet, særleg i pasjonstida. I denne gjendiktinga er det lagt vekt på at røysta til Hallgrímur skal lyde mest mogleg autentisk, men i ei normal nynorsk språkdrakt av i dag. Biskop emeritus Karl Sigurbjörnsson har skrive ei innleiing om Hallgrímurs liv og dikting, der vi også får eit innblikk i dei dramatiske hendingane i Hallgrímu