Opp, mi sjel, for Herren kved - pasjonssalmar
Til 400-årsjubileet for den islandske presten og nasjonalskalden Hallgrímur Pétursson (1614-1674) kjem denne nye, norske gjendiktinga av hans 50 pasjonssalmar. Desse salmane er tvillaust det mest kjende og elska verket i den kristne, islandske kulturskatten. Mest alle på Island har eit særskilt forhold til salmane, som enno vert lesne opp kvart år i den islandske kringkastinga, ein for kvar dag i pasjonstida. I pasjonssalmane fylgjer Hallgrímur Kristi lidingshistorie steg for steg i mediterande utleggingar, som også i dag grip den som går inn i dei. Det er grunn til å tru at det også vil gjelde den norske lesaren, som lèt desse salmane vere med å prege andaktslivet, særleg i pasjonstida. I denne gjendiktinga er det lagt vekt på at røysta til Hallgrímur skal lyde mest mogleg autentisk, men i ei normal nynorsk språkdrakt av i dag. Biskop emeritus Karl Sigurbjörnsson har skrive ei innleiing om Hallgrímurs liv og dikting, der vi også får eit innblikk i dei dramatiske hendingane i Hallgrímurs eige liv. "Under lesinga må vi stogga stundom, ta opp att og smaka på det vi les. Orda, som vart til ved ein stein, stor nok til at Hallgrim fann livd for alle vindar medan han tenkte og skreiv, tek tak i oss." Dagen v/ Egil Morland