menu-bar All the categories

509,00 kr 442,00 kr

Voss gymnas opna i august 1916, som det første landsgymnaset i Noreg. Ved hundreårsjubileet er det freistande å spørja: Når var gullalderen? Og kva er eigentleg suksesskriteria? Rektor Blix sa i opningstalen sin: «Det er ikkje fagkunnskapar, serkunnskapar, men ålmenn daning gymnaset skal gjeva.» Har skulen halde seg til dette oppdraget? Boka Oppdrag danning gjev eit nært bilete av livet på Skulehaugen. Me møter elevar og lærarar, deira gleder og frustrasjonar.«- Kor mange poeng reknar du med å tapa til artium på grunn av alt arbeidet du må gjera som russeformann? - Etter ei førebels gransking ser det ut til at eg misser om lag alt eg har, utanom kleda på kroppen.» 1958-russeformann Kjell Snerte Knut Markhus (f. 1969) er utdanna cand.philol. med hovudfag i historie frå Universitetet i Bergen. Han har arbeidd som journalist og faglitterær forfattar, og har vore leiar for ei rekkje kulturinstitusjonar.