Oppstart er eit nytt læreverk for programfaget entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 i vidaregåande skule. Boka dekkjer kompetansemåla i læreplanen kor fokuset er utarbeiing av forretningsplan. I tillegg presenterer ho korleis nyare metodar for oppstartsfasen kan foregå. Oppstart har ein praktisk tilnærming til faget. Gjennom eksempel frå det verkelege liv, praktiske oppgåver og større case, lærer elevane å kombinere teori og praksis. Ungdomsbedrift er eit gjennomgåande tema med eigne eksempel og oppgåver. Oppstart står for ein teoretisk fornyelse av faget og skal gi inspirasjon til unge entreprenørar. Komponentar: - Grunnbok - Fagnettstad elev - Fagnettstad lærar - d-bok