Boka inneheld forslag til 86 fotturar, 1 padletur og 1 sykkeltur i indre Sogn, frå Vik i vest til Lærdal i aust. Turrutene er fotografert frå fly, og flybileta har innteikna turrute og namn. OPPTUR Nærøyfjorden tek deg med på 88 turar i verdsarvområdet i indre Sogn, frå Vik i vest til Lærdal i aust, frå Sognefjorden i nord til Voss i sør. Her finst noko av det flottaste fjordlandskapet i verda. Opplev vill og vakker natur og rik kulturhistorie ved Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, i Flåmsdalen og Aurlandsdalen, på Fresvikbreen og Bleia. Alle rutene er teikna inn på flyfoto og har fyldig turomtale. Boka inneheld 86 fotturar, ein sykkeltur og ein padletur gjennom kommunane Aurland, Lærdal, Voss og Vik. Dette er femte boka i den populære OPPTUR-serien. Tidlegare bøker er om Sogn og Fjordane (2005), Hordaland (2007), Geirangerfjorden (2009) og Jotunheimen (2009). Samla har bøkene 849 turskildringar i kremen av norsk natur