menu-bar All the categories

629,00 kr

Treårsbok til elevane i musikk for ungdomstrinnet. I tråd med den nye læreplanen har Opus lagt vekt på rytmisk og improvisert musikk. Kunstmusikken og folkemusikken blir trekte inn som repetisjon og som komparative element. Stoffet er disponert i 15 kapittel. Dei fem første kapitla tek føre seg grunnleggjande emne som rytme, tone, dynamikk, form og oppleving. Så følgjer seks kapittel med namn frå musikalske sjangrar. Vi følgjer den rytmiske musikken frå blues via jazz og rock over i popindustrien. Fenomenet verdsmusikk får ein grundig gjennomgang før vi ser på framvoksteren av elektronika. Deretter følgjer tre problematiserande kapittel. Først ser vi på korleis musikk og bilete er knytte saman i reklame, film og video. I kapitlet «Musikk i samfunnet» peikar vi på den viktige rolla musikken har i kulturformidling og meiningsytring, før vi ser vi på ulike roller i moderne musikkindustri som produsentar og låtskrivarar. Kapittel 15 er eit komplett kurs i spel på gitar, bass, klaviatur og