Or Setesdal er ei samling vokal folkemusikk frå Setesdal. Kim Rysstad er ein av få kvedarar frå området, og har i ei årrekke arbeidd med å halde den særeigne tradisjonen i hevd gjenom konsertar, utgjevingar og kursverksemd. Etterkvart som arbeidet med tekstene til denne utgjevinga gjekk framover baud sjansen seg til å skrive litt meir enn berre songtekstene. Slik har «Or Setesdal» blitt til ei lita bok der du både kan lytte til, og bli kjend med vokaltradisjonane frå denne løyndomsfulle dalen. Samstundes kan du late augo kvile på unike bilete frå ulike stadar i Setesdal, der den musikken har blitt ført vidare frå generasjon til generasjon gjenom hundrevis av år.