Ordrett - Ordliste for ungdomssteget er fagleg og pedagogisk lagd til rette for ungdomssteget i grunnskulen. Ordlista har god alfabetstøtte for eleven fulle bøyingsformer synonym, ordforklaringar og bruksdøme historia bak bokstavane særskild omtale av samiske bokstavar interessevekkjande rutetekstar om språklege emne oppdatert ordutval historiske og geografiske namn, også alle kommunenamn forkortingar i sjølve ordlista Ordlista er revidert etter ny rettskriving 2012. Lars Anders Kulbrandstad, Olav Veka og Bjarne Øygarden har lang røynsle frå skule og lærarutdanning og har gitt ut ordlister og lærebøker for fleire skuleslag. Dei har bakgrunn frå normeringsarbeid i Språkrådet.