Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede. Kvart kapittel er delt inn i Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld eit utval tekstar med ulik vanskegrad og sjanger. I kvart kapittel blir ein lesestrategi introdusert og øvd på. Oppgåvene er delte inn i kategoriane ord i teksten, hugse, tenkje og fordjup deg, alt etter kva for nivå i leseforståinga elevene øver. Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket gjennomgår grammatikk, rettskriving og språkstruktur. Skriveriket øver inn skriveferdigheiter i ulike sjangrar. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som er nyttig i skriveprosessen.