Ordriket 1 7 Ordriket er eit norskverk for barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede. Arbeidsbok 3A og 3B Arbeidsbøkene på 3. trinn legg opp til eit systematisk arbeid med grunnleggjande ferdigheiter. Kvart kapittel er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld oppgåvene til Lesebok 3A og 3B. Oppgåvene er delte inn i kategoriane forstå, hugse og tenkje, alt etter det nivået i leseforståinga som elevane øver. Taleriket gjennomgår og øver opp munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver opp skriveferdigheitene. Her er det lagt opp til at elevane skal skrive i ulike sjangrar frå starten av. Supplerande oppgåver finst på nettressursen og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Ordriket 3. trinn: - Lesebok 3A og 3B - Arbeidsbok 3A og 3B - Lærarrettleiing 3 - Tavleressurs og nettressurs på ordri