Ordriket 1 7 Ordriket er eit norskverk for bornetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede. Elevbok 5A Elevbøkene på 5. trinn er strukturerte etter sjanger. Kvart kapittel tek for seg sin sjanger, som blir modellert grundig og arbeidd med på ulike måtar i Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld eit utval tekstar i ulik vanskegrad i den aktuelle sjangeren. I kvart kapittel blir ein lesestrategi introdusert. Oppgåvene er delte inn i kategoriane forstå, hugse og tenkje, alt etter kva nivå i leseforståinga elevane øver. Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheitene i den aktuelle sjangeren. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Ordriket 5. trinn: - Elevbok 5A og 5B - Lærarrettleiing 5 - Tavleressurs og nettressurs på ordriket.no