Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede.Kvart kapittel er delt inn i Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld eit utval tekstar med ulik vanskegrad og sjanger. I kvart kapittel blir ein lesestrategi introdusert og øvd på. Oppgåvene er delte inn i kategoriane ord i teksten, hugse, tenkje og fordjup deg, alt etter kva for nivå i leseforståinga elevene øver.Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket gjennomgår grammatikk, rettskriving og språkstruktur.Skriveriket øver inn skriveferdigheiter i ulike sjangrar. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som er nyttig i skriveprosessen.