Organisasjonskunnskap for helse- og sosialarbeidarar. Boka gir ei innføring i organisasjonskunnskap og er retta mot helse- og sosialfaga. Etter ein introduksjon til organisasjonsteori, gjer forfattarane greie for kva som kjenneteiknar organisasjonar i offentleg, privat og frivillig sektor. Vidare presenterer dei ulike teoretiske perspektiv på korleis organisasjonar fungerer, og korleis dette kan påverke arbeidskvardagen til tenesteytarar i denne sektoren. I boka gjer forfattarane også greie for nyare reformer i offentleg sektor og korleis dei verkar inn på organisasjonsutforminga. Her ligg hovudvekta på NAV-reforma, der sosialtenesta, Aetat og trygdeetaten vart slått saman. Forfattarane tar for seg hovudtrekka ved denne reforma, kva styringsideal ho byggjer på, og korleis reforma er evaluert i ettertid. Den nye samhandlingsreforma, gradvis iverksett frå 2012, blir gjort greie for i eit eige kapittel. Til slutt i boka tar forfattarane for seg samarbeid mellom det offentlege og frivillig