"Orm, ugla og and. Prosa Obskura" er ei samling essay, noveller, intervju og artiklar: Om Stig Larsson, den nynorske kvinna, om fitter i skjønnlitteraturen, om skriving i Ytre Nordhordland, om maskebruk og heimstaddiktning - tekster om ei rekke ulike emne, som har det til felles at dei kryssar grenser, mellom sjangrane, mellom sjølvbiografi og fiksjon, humor og alvor. Det kresne utvalet som vert presentert vil gje eit nytt perspektiv på Haugland, samstundes som tekstane tangerar forfattarskapen hans og viser fram endringane undervegs. Med etterord av Ole Robert Sunde.