Gjendikta av Edvard Hoem«Akt Dykk for sjalusien! Det er eit grønøygd uhyre, som spottar det kjøt han åtslar på!»Othello er eit av William Shakespeares meisterverk. Othello er ein evig tragisk karakter som blir forgifta av løgnene til sin falske ven Iago.Det heile byrjar då Othello, ein heltemodig maurisk general i den ventianske hæren, utnemner Cassio og ikkje Iago til løytnant. Sjalu på Othellos suksess og misunneleg på Cassio, legg Iago skjulte planer for Othellos undergang. Han sår tvil hos Othello om hustrua Desdemona er tru, og plantar falske prov på at ho og Cassio er elskarar. Othello blir eten opp av mistanke - gradvis byrjar han å mistru kvinna han elskar.I denne mektige tragedien vert uskuld forderva og tillit undergraven, kvart einaste forhold blir trekt inn i eit flokete nett av sjalusi, med døden til følgje.