På den andre sida er Mars
På den andre sida er mars handlar om ei kvinne midt i sekstiåra som står mellom barnebarna og den gamle mora. Tankar om kvinners rolle i livet er en vesentleg del av boka. Vi høyrer om ein hær av kvinner og oppgåvene deira. Boka handlar også om sjølve tilværet. Forteljarkvinna i historia mister sakte mora, som blir dement og visnar bort. Ho mister ikkje berre mora, ho ser også sin eigen alderdom komma. Stilen er poetisk, men dette er ikkje et prosadikt. Historia om menneska er heile tida fremst. Boka har ein lys tone, eit humoristisk oppkomme som bergar lesaren unna det patetiske eller martyrdommen. Romanen vart innstilt til Nordisk ministerråds litteraturpris 2015.