På jakt etter svar og forståing
Å lese fagtekstar med godt utbytte er ei treningssak. Elevane på fjerde og femte trinnet er heilt i startfasen av ein treningsperiode som skal vare i mange år. Skulekulturen og den vanlege bruken av fagtekstane i klasserommet er med på å forme elevane som faglesarar. I mange tilfelle venner elevane seg til «å lese med pinsett» fordi dei er meir på jakt etter svar enn på leiting etter å forstå det tekstane handlar om. Multimodaliteten det at fagtekstane er sette saman av fleire modalitetar eller uttrykksmåtar, som skrift, lyd, film, figurar og fotografi kan hjelpe elevane i læringsarbeidet, men det multimodale læringspotensialet kan også vere underutnytta. I boka drøftar forfattaren samanhengen mellom multimodalitet, lesing og læring i lys av eksempel frå klasserommet, samtalar med elevar på mellomtrinnet og analyse av aktuelle fagtekstar. Anne Løvland er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder. Ho har doktorgraden i nordisk språkvitskap med ei avhandling om samansette elevtekstar, o