menu-bar All the categories

535,00 kr

På kryss og ters er ei lærebok i Musikk fordjuping 1. Ho inneheld alle komponentane i faget med vekt på komponering, gehørtrening, lytting og formidling. Boka gir oversikter over akkordar, harmonisering, melodikomponering, analysemetodar, instrumentasjon og annan teori. Forfattarane legg vekt på samanhengen mellom lytting/høyrelære og teori, samstundes som dei utdjupar kvar disiplin med ulike typar sats og komponering. Formidlingsdelen inneheld mange prosjektoppgåver som dekkjer alle mål i faget. Oppgåvene kan brukast heilt eller delvis, gjerne på fagdagar eller som fordjupingsemne. Boka er eigna for sjølvstudium, men gir også mange forslag til undervisningsopplegg. Ho fokuserer på praktisk tilrettelegging av stoff til undervisninga, men overlèt det meste av undervisningsmetodikken til læraren. Læringsstoffet blir knytt til musikkdøme innanfor alle sjangrar. Alt stoff blir følgt opp med døme og små og store arbeidsoppgåver. Randi Dugstad har utdanning frå Trondheim og Ungarn, med fordj